Stillinger

NETT NO søker sommarvikar

Bakkar og Berg Media AS
Søknadsfrist: 31.05.2024
Tiltredelse: Etter avtale
Varighet: Engasjement

NETT NO er ei nettavis som dekkjer nærings- og samfunnslivet på Nordvestlandet.

Vi søkjer ein journalist som er interessert i regionen og desse stoffområda, og kan arbeide for oss sommaren 2024.

Engasjementet er i utgangspunktet i fire til åtte veker, i samband med ferieavviklinga i NETT NO. Engasjementet kan bli utvida.

Du vel sjølv kvar du vil arbeide frå.

Avisa blei etablert i 2013 og er i vekst. Redaksjonen er på tre personar. Kontor og forretningsadresse er i Fosnavåg.

Opplæring i redaksjonelt system blir gitt. Løn etter avtale.

Interesserte søkjarar kan ta kontakt med redaktør Ogne Øyehaug for meir informasjon om stillinga.

Søk her

Om arbeidsgiveren

NETT NO er ei nettavis som dekkjer nærings- og samfunnslivet på Nordvestlandet.
Vi har som mål å vere best på regionale nyheiter om næringslivet, men vi femner også mykje breiare og skriv om samfunnet rundt. I tillegg har vi debattstoff, og vi går også i djupna og gjer analyser og formidlar trendar.


Arbeidsgiver
Bakkar og Berg Media AS
Kontaktpersoner

Ogne Øyehaug

Redaktør
  • 95 77 97 27