Dette er kritisk kompetanse for fisken vi skal eksportere
SAMLA SEG: Fleire lokale bedrifter samla seg fredag til støtte for yrkesutdanninga som sikrar dei viktig rekruttering. Frå venstre: Bjarne Oldeide i Johnson Control, Henrik Dalelid Vedde i Haram nærings- og innovasjonsforum, Roar Kjørstad i Tempra. Lengst til høgre Per Helge Devold i MMC First Process.  
Nytt

– Dette er kritisk kompetanse for fisken vi skal eksportere

Kuldebedrifter sett pris på støtta frå fiskeriministeren, men erkjenner at dei ikkje har vore flinke nok til å fortelje kva moglegheiter næringa kan by dei unge.

Marius Rosbach
16.11.2019

Fleire bedrifter i bransjen har samla seg bak initiativet til MMC First Process for at linja for kulde- og varmepumpeteknologi ved Haram vidaregåande skal overleve.

Det vekte oppsikt at fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik tok turen for å vise si støtte – sjølv om han påpeika at han ikkje skulle legge seg opp i prioriteringane til fylkespolitikarane.

– Dette er kritisk kompetanse for fisken vi skal eksportere. Det har vi ikkje vore gode nok til å få fram. Nesvik veit at den kunnskapen bidreg til å gjere kvaliteten så bra at ein kan ta høgare pris, fortel Roar Kjørstad i ålesundsfirmaet Tempra.

Les meir om saka: Elevar ser ikkje noko galt i sponsing

Nesvik støttar kampen for yrkesfaga

Dei sju bedriftene i kuldebransjen som samla seg fredag, ville både gi ei utstrekt økonomisk hand til fylkespolitikarane – men også eit klart bodskap om kva som står på spel.

– Det er historisk at vi samlast på dette viset, og det er viktig at vi viser politikarane behovet i næringslivet, meiner Kjørstad.

Breie protestar
Bakgrunnen for utspelet er at økonomien i fylkeskommunen må betrast. Fleire yrkeslinjer er mellom tilboda som står i fare for å bli lagt ned, når fylkestinget gjer sitt endelege vedtak i starten av desember.

nettnohalf

Protestane har vore høglydte frå fleire hald. Næringslivet har vore spesielt opptekne av kutta i dei linjene som gir elevar ein kombinasjon av fagutdanning og vanleg studiespesialisering.

MMC First Process har sagt at dei er villige til å gå inn med eit sekssifra beløp for å sikre den aktuelle linja.

Les meir: Vil bidra med støtte til yrkeslinje

Synspunkt: Bekymringsmelding fra næringslivet i Møre og Romsdal

Kan stille med anna enn pengar
Bedriftsleiarane som var samla fredag, viste også til at dei kunne bidra på andre vis enn reine pengar.

– Vi kan donere oppdatert utstyr, slik at skulane slepp å kjøpe inn. Det kan vere like viktig som pengar, seier Bjarne Oldeide i Johnson Control.

– Vi kan også ta i mot elevane og vise dei kva bransjen kan tilby, ta inn folk på hospitering eller stille med lokale, legg Petter Kåre Grytten i Teknotherm Marine til.

– Ikkje vore flinke nok
Noko av grunnen til at yrkeslinjene har kome på kuttlista, er at fleire har få søkjarar. Linja for kulde- og varmepumpeteknologi er mellom dei. Fleire av bedriftsleiarane erkjente at dei ikkje hadde vore offensive nok på vegner av bransjen.

– Vi har ikkje vore flinke nok til å fortelje potensielle elevar at dette er ei fantastisk utdanning med framtida føre seg og god lønn, meiner Kåre Lynghjem i Øyangen.

Fleire fortalde om unge dei kjenner, som har skifta kurs frå andre utdanningar til kuldemontør, nettopp på grunn av betre lønn.

Les meir om saka: – Behov for ei prinsipiell drøfting

Ber Sanner om hjelp

Vil skjerme yrkesfag – ungdomspanel foreslår skulenedlegging


Vi har ikkje vore flinke nok til å fortelje potensielle elevar at dette er ei fantastisk utdanning med framtida føre seg og god lønn

Publisert: 16.11.2019 00:03

Sist oppdatert: 18.02.2022 14:00