Milliardinvestering i torskeoppdrett
Innan få år skal Gadus Group produsere 30.000 tonn oppdrettstorsk årleg på Nordvestlandet. Dei har allereie søkt om etablering i fire kommunar.
I starten av 2021 håpar Gadus Group å ha fått sine første positive svar på planane om å etablere oppdrettsanlegg for torsk, eitt i Vanylven og eitt i Nordfjorden i Bremanger.
Den første settefisken til selskapet vart kjøpt i august og søknadar om å få etablere ein lokalitet i Sande og tre i Volda er og sendt.
Dagleg leiar og medgrunnleggar Ola Kvalheim seier selskapet tidlegare i år har avtalt kjøp av eit settefiskanlegg - som han førebels ikkje vil gå ut med namnet på. Det er berre starten. Selskapet planlegg også eige slakteri og foredlingsanlegg på Nordvestlandet, og å ha enda fleire anlegg i sjøen.
- Vår ambisjon er å kunne ha 10-12 lokalitetar på Sunnmøre og 6-7 i Kinn, Stad og Bremanger, seier Kvalheim.
Belgisk partnar
Settefiskanlegg, mærer, slakteri og foredlingsanlegg kostar penger. All fisken i sjøen bind og opp kapital. Investeringane som må til i anlegg og oppdrettsfisk innan utløpet av 2025, blir like under ein milliard kroner, anslår Kvalheim til NETT NO.
Investeringane skal finansierast med ein kombinasjon av lån og eigenkapital og finansieringa for planane fram til og med 2025 er allereie på plass, ifølgje Kvalheim.
Dei tre grunnleggarane Ola Kvalheim, Tor Olav Seim og Kenneth Brandal eig tilsaman 25 prosent i Gadus Group. Den fjerde og største eigaren er begiske FDC Capital, eit investeringsselskap eigd av den belgiske De Clercq-familien.
Comeback for torskeoppdrett
Satsinga på torskeoppdrett i større skala i Noreg tok slutt rundt 2009.
Rikeleg med villtorsk og framleis vanskar med rømming og sjukdom fekk sjølv dei ivrigaste til å gi seg. Nokre av lokalitetane vart gjort om til lokalitetar for lakseoppdrett andre vart liggande brakk.
Men no er interessa tilbake, og Gadus Group har etablerte seg, med hovudkontor i Ålesund og planar om rask vekst.
Jamn leveranse
Nøkkelen for å drive torskeoppdrett med lønsemd er jamn produksjon og leveransar heile året, seier Kvalheim. Målet er å sende ut fersk vakumpakka filet frå foredlingsanlegget på Nordvestlandet fleire dagar i veka og at produkta skal vere framme i butikkdiskane i Vest-Europa innan 50 timar etter slakting.
Klarer bransjen dette, meiner Kvalheim, vil butikkjedene kunne bygge fersk oppdrettstorsk som ein eigen og godt betalt kategori i butikkane. Då vil oppdrett av torsk også vere lønsam.
Tammare torsk
Sjølv om selskapa som dretta opp torsk fram til slakting la inn årane rundt 2009 stoppa det ikkje heilt opp. Avlsarbeidet på torsk heldt fram. Det har gjort at oppdrettstorsken i dag veks raskare, er mindre sjuk og ikkje minst blitt tammare.
Medan rømming av oppdrettslaks skjer ved uhell eller slurv ved oppdrettsanlegga hadde tidlegare generasjonar oppdrettstorsk ein vane med å gnage seg ut og blei det hol i nota stakk alle av.
Samarbeid med Babord Group
Gadus Group jobbar saman med Babord Group i Måløy for å bygge opp både foredling og distribusjon av fisken sin.
Babord Group er eit selskap eigd av fiskebåtreiar Agnar Lyng i Måløy og Kvalsvik-familien i Herøy, som mellom anna har etablert eit eige varemerke - Babord- for eigen fangst. Blir det ein bindande avtale kan dei bli distributør av oppdrettstorsk også.
Vår ambisjon er å kunne av 10-12 lokalitetar på Sunnmøre og 6-7 i Kinn, Stad og Bremanger
Publisert: 17.12.2020 06:00
Sist oppdatert: 02.06.2021 15:41