Nytt
Styrer unna cruisetrafikken
Sogn og Fjordane hadde besøk av 455.000 cruiseturistar i fjor, men i reiselivsplanen for fylket er den sterkt veksande gruppa knapt tema.
Ivar Myklebust Longvastøl
31.01.2014
- Verdiskapinga i reiselivet skjer heilt andre stader, og difor bør ikkje det offentlege bruke så mykje energi på cruisepassasjerande, seier næringssjef Jan Heggheim i fylkeskommunen, leiar i styringsgruppa for Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane 2010-2025.
Reiselivsforskar Svein Larsen har funne ut at kvar cruisepassasjer brukar i gjennomsnitt 300 kroner i døgnet ved besøk i Bergen. Forskar Eivind Brendehaug i Vestlandsforsking har gjort eit samanliknande studium for reiselivsplanen i Sogn og Fjordane som viser at døgnforbruket truleg er høgare, mellom 450 og 600 kroner - for dei som går i land.
- Er det ikkje veldig defensivt når reiselivsplanen ikkje har noko målsetting for cruisetrafikken, Heggheim?
- Det kan du kanskje seie. Reiselivet i Sogn og Fjordane må sjølvsagt handtere veksten. Cruise vil halde fram med å vekse, og å vere mot cruise er om lag som å vere mot Internett, seier Heggheim.
Dette vart også trekt fram av Carlo Aall på Vestlandsforsking som skal i gang med eit treåring forskingsprosjekt på cruisetrafikken. , seier Aall.
- Det ligg i korta at reiarlaga gjer sitt til at gjestane deira brukar mest mogleg av pengane sine om bord og mindre på land. Alt anna vil vere naturstridig. Lokalt må vi handtere denne gruppa, men eg har lita tru på at vi får så mykje ut av det, seier Heggheim.
- Det første er å foredle naturen, som er den fremste ressursen ein har på Vestlandet. Nokre stader betyr det enkle og rimelege tiltak, andre plassar større anlegg.
Oppfølging av planen skal behandlast av politikarane i Hovudutval for plan og næring i fylkeskommunen 5. februar.
Formidabel vekst
Dei 19 cruisehamnene på Vestlandet hadde ein auke på ein million passasjerar frå 2010 til 2013. Samla besøkstal for dei seks hamnene i Sogn og Fjordane - som yndar å kalle seg fjordfylket - var nesten ein halv million, en auke på over 200.000 på tre år (sjå faktaboks).Reiselivsforskar Svein Larsen har funne ut at kvar cruisepassasjer brukar i gjennomsnitt 300 kroner i døgnet ved besøk i Bergen. Forskar Eivind Brendehaug i Vestlandsforsking har gjort eit samanliknande studium for reiselivsplanen i Sogn og Fjordane som viser at døgnforbruket truleg er høgare, mellom 450 og 600 kroner - for dei som går i land.
Ventar vidare vekst
Sjølv med det lågaste anslaget (300 kroner), vil ein halv million besøkande som er på land ein dag, legge igjen 150 millionar i løpet av eit år.- Er det ikkje veldig defensivt når reiselivsplanen ikkje har noko målsetting for cruisetrafikken, Heggheim?
- Det kan du kanskje seie. Reiselivet i Sogn og Fjordane må sjølvsagt handtere veksten. Cruise vil halde fram med å vekse, og å vere mot cruise er om lag som å vere mot Internett, seier Heggheim.
Tenk overskot
- Men poenget er at reiselivet bør bruke ressursane på å utvikle produkt som legg igjen større verdiar i lokalssamfunna, seier Heggheim.Dette vart også trekt fram av Carlo Aall på Vestlandsforsking som skal i gang med eit treåring forskingsprosjekt på cruisetrafikken. , seier Aall.
Tek indrefileten
- Etter mi meining betaler dei internasjonale reiarlaga for lite for å bruke bruke kaier og landanlegg som er bygt opp av norske skattebetalarar sine pengar. Cruisebåtane kjem hit med arbeidskraft til internasjonale prisar, bunkers til internasjonale prisar og lasta med mat og drikke til internasjonale prisar. Dei kjem hit og forsyner seg av indrefileten vår utan å legge igjen så mykje, seier Heggheim.Store provisjonar
Han legg til at desse turistane er viktige mange stader i fylket, men samstundes veit ein at reiarlag og reiseoperatørar krev store provisjonar i forhandlingar med lokale tilbydarar av servering, transport og guiding.- Det ligg i korta at reiarlaga gjer sitt til at gjestane deira brukar mest mogleg av pengane sine om bord og mindre på land. Alt anna vil vere naturstridig. Lokalt må vi handtere denne gruppa, men eg har lita tru på at vi får så mykje ut av det, seier Heggheim.
Foredle naturen
I kronikken "Distriktsreiseliv i motvind" peikar næringssjefen på tre vegval vidare:- Det første er å foredle naturen, som er den fremste ressursen ein har på Vestlandet. Nokre stader betyr det enkle og rimelege tiltak, andre plassar større anlegg.
Aktivitetar heile året
- Det andre er å tilby aktivitetsturisme heile året, i første omgang ved å hente inn profesjonelle aktivitetsprodusentar som kan å legge til rette og marknadsføre aktivitetar på heilårsbasis, og det må skapast gode rammevilkår for dei som vil leve av aktivitetsturisme heile året.Nye marknader
- Det tredje er å legge til rette for at veksande marknader som Asia, Russland og Sør-Amerika enkelt kan bestille. Næringa må gjere seg tilgjengeleg og akseptere at digital distribusjon av kvalitetsprodukt kostar pengar.Politisk behandling
Styringsgruppa for "Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane 2010-2025" har 11 medlemmer, mellom anna frå NHO, landbruksdirektøren, Innovasjon Norge, KS og Virke, Fjord1, Fjord Norge - og Kari Pavelich frå Opera Nordfjord.Oppfølging av planen skal behandlast av politikarane i Hovudutval for plan og næring i fylkeskommunen 5. februar.
Dei kjem hit og forsyner seg av indrefileten vår utan å legge igjen så mykje
Publisert: 31.01.2014 06:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31