Nytt
Vil skjerme yrkesfag – ungdomspanel foreslår skulenedlegging
Fylkespolitikarane vil kutte mindre på utdanning og meir på samferdsel. Ungdomspanelet er villig til å legge ned skular for å behalde linjer.
Marius Rosbach
12.11.2019
Vedtaka frå møta i dei tre hovudutvala i Møre og Romsdal måndag enda med vedtak som kan bety mindre omfattande kutt i yrkesutdanningane og kreative fag enn fylkesrådmannen gjekk inn for.
Samferdsleutvalet vil ha ei meir konkret vurdering av tiltaka i kuttliste og meiner det er rom for å hente inn meir på ferje, buss og vegvedlikehald, enn det som no ligg på bordet.
No går sakene til vidare politisk behandling i fylkesutvalet.
Utvalet tok i denne omgang saka til orientering, men meiner at det er mogleg å spare inn nokre millionar meir på ferje, buss og fylkesvegar enn fylkesrådmannen legg opp til.
No vil dei ha ei konkretisering av kva det betyr å redusere drifta på buss, ferje og hurtigbåt som omtala i . Spesielt ber dei at det blir vurdert om økonomien kan betrast ved nytt billetteringssystem, nye måtar for drift av vedlikehald på vegane , eller nye metodar for å gjennomføre vegprosjekt.
«Tiltaka må utformast slik at dei er til minst mogleg skade for næringsliv og pendlarar. Det kan t.d. vurderast noko redusert produksjon på nr 2 ferje på tider av døgnet/året da det er liten trafikk», heiter det i .
I heiter det at dei vil har «vidareføre nokre av dei yrkesfaglege linene som er foreslått nedlagt» på YKS/TAF-tilbodet og «arbeide for eit noko breiare tilbod enn fylkesrådmannen legg opp til», når det gjeld linjer som musikk, dans og drama.
– Ungdomspanelet gjorde i si vurdering av kuttforslag innan utdanning at det kan vere meir hensiktsmessig å leggje ned Tingvoll VGS om det kan vere med å unngå nedleggingar av linjer kringom i fylket. Panelet meiner også at Herøy VGS avdeling Vanylven bør leggast ned, grunna lågt elevtal, og at elevane i regionen har gode alternativ i det framtidige Vestland fylke, heiter det i ei frå panelet.
Dei vil også at det blir vurdert administrative samanslåingar, til dømes mellom Rauma og Gjermundnes.
– Eventuelt eit utvida aldersspenn frå den gjeldande, for å inkludera studentane for å auke billettinntektene, heiter det.
Panelet er også positive til meir reklame på buss- og ferje som kan gi samferdsleområde høgare inntekter.
Samferdsleutvalet vil ha ei meir konkret vurdering av tiltaka i kuttliste og meiner det er rom for å hente inn meir på ferje, buss og vegvedlikehald, enn det som no ligg på bordet.
No går sakene til vidare politisk behandling i fylkesutvalet.
Vil kutte meir på ferje
Fleirtalet i samferdsleutvalet gjekk inn for eit forslag frå Ap, Sp, KrF og SV, som ventar med å konkludere om korleis økonomien på samferdselsektoren skal betrast.Utvalet tok i denne omgang saka til orientering, men meiner at det er mogleg å spare inn nokre millionar meir på ferje, buss og fylkesvegar enn fylkesrådmannen legg opp til.
No vil dei ha ei konkretisering av kva det betyr å redusere drifta på buss, ferje og hurtigbåt som omtala i . Spesielt ber dei at det blir vurdert om økonomien kan betrast ved nytt billetteringssystem, nye måtar for drift av vedlikehald på vegane , eller nye metodar for å gjennomføre vegprosjekt.
«Tiltaka må utformast slik at dei er til minst mogleg skade for næringsliv og pendlarar. Det kan t.d. vurderast noko redusert produksjon på nr 2 ferje på tider av døgnet/året da det er liten trafikk», heiter det i .
Mindre på utdanning
I utdannings- og kompetanseutvalet fekk AP, Sp og SV fleirtal for eit vedtak som i større grad skjermar yrkeslinjene og kreative faga.I heiter det at dei vil har «vidareføre nokre av dei yrkesfaglege linene som er foreslått nedlagt» på YKS/TAF-tilbodet og «arbeide for eit noko breiare tilbod enn fylkesrådmannen legg opp til», når det gjeld linjer som musikk, dans og drama.
Les om forslaget frå fylkesrådmannen
:Foreslår heller å legge ned skular
Kuttforslaga på vidaregåande skuler har møtt sterke protestar. Ungdomspanelet i Møre og Romsdal er budd til å ofre ein desentralisert skulestruktur for å behalde tilbod.– Ungdomspanelet gjorde i si vurdering av kuttforslag innan utdanning at det kan vere meir hensiktsmessig å leggje ned Tingvoll VGS om det kan vere med å unngå nedleggingar av linjer kringom i fylket. Panelet meiner også at Herøy VGS avdeling Vanylven bør leggast ned, grunna lågt elevtal, og at elevane i regionen har gode alternativ i det framtidige Vestland fylke, heiter det i ei frå panelet.
Dei vil også at det blir vurdert administrative samanslåingar, til dømes mellom Rauma og Gjermundnes.
Foreslår utviding av kollektivtilbod
Panelet peiker samtidig på at det er uheldig at Fram Ung-tilbodet blir dyrare. Dei foreslår at ein i staden kan utvide tilbodet til å gjelde flybuss og nattbuss.– Eventuelt eit utvida aldersspenn frå den gjeldande, for å inkludera studentane for å auke billettinntektene, heiter det.
Panelet er også positive til meir reklame på buss- og ferje som kan gi samferdsleområde høgare inntekter.
Les også:
Publisert: 12.11.2019 10:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44