Kort fortalt

28 arbeidstakarar døydde på jobb i fjor

Alle var menn, viser oversikt.

14.02.2023

(NPK-NTB): I fjor døydde 28 arbeidstakarar på jobb i det landbaserte arbeidslivet i Noreg, ifølgje Arbeidstilsynet.

Talet på arbeidsskadedødsfall er lågare enn i 2021 der 31 arbeidstakarar døydde på jobb, men på same nivå som vi har sett dei siste fem åra.

– Sjølv om vi ser ein nedgang i talet på arbeidsskadedødsfall frå 2021 til 2022 er talet på arbeidsskadedødsfall i norsk landbasert arbeidsliv framleis for høgt. Kvart arbeidsskadedødsfall er eitt for mykje, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.

Av dei 28 som omkom på jobb i fjor var 25 norske statsborgarar og alle var menn.

I fjor var det flest arbeidsskadedødsfalla i næringane byggje- og anleggsverksemd (8 arbeidsskadedødsfall), transport og lagring (7 arbeidsskadedødsfall) og jordbruk (6 arbeidsskadedødsfall).

Publisert: 14.02.2023 09:40

Sist oppdatert: 14.02.2023 09:41

Mer om