NPK: Energix-programmet i Noregs forskingsråd gir støtte til 40 nye prosjekt innan miljøvennleg energi.
Totalt 90 prosent av midlane går til prosjekt der næringslivet enten er i førarsete eller er partnar i prosjektet.
– Vi har leiande forskingsmiljø på fleire felt innan energiforskinga. Vi har også sterke næringstradisjonar på mange av dei same områda. Eg trur samarbeidet mellom akademia og næringslivet er nøkkelen for å gå raskare frå forsking til forretning. Derfor er det gledeleg at næringslivet er ein svært aktiv deltakar i årets prosjekt, seier olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg.
I årets tildeling er det løyvd over 130 millionar kroner for å utvikle forskjellige teknologiar innan transport. Det er snakk om ulike løysingar for bruk av hydrogen, batteri og biodrivstoff i tillegg til prosjekt innan elektrisk ladeinfrastruktur.
Eit anna viktig område er energisystemet, der digitalisering er eit nøkkelord. Digitalisering er viktig for å utvikle berekraftige og trygge nett. Industrisektoren er også sentral i tildelinga i år. Fleire prosjekt handlar om å finne løysingar som får ned energibruk og klimagassutslepp.
Energix er Forskningsrådets store program for miljøvennleg energi og deler ut pengar til både forskarar og næringsaktørar. Programmet mottar størstedelen av midlane over budsjettet til Olje- og energidepartementet.

Publisert: 16.01.2019 16:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36