Kort fortalt

Arbeidsløysa fell til 3,8 prosent

67,7 prosent er sysselsette.

24.01.2019
NPK-NTB: Arbeidsløysa fell til 3,8 prosent i november samanlikna med august, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Justert for sesongvariasjonar var det 106.000 arbeidsledige i november, noko som svarte til 3,8 prosent av arbeidsstyrken.
Det var ein nedgang på 0,2 prosentpoeng samanlikna med august. Det inneber at det var 7.000 færre ledige i november enn i august. Nedgangen er likevel innanfor feilmarginen i Arbeidskraftundersøkinga (AKU).
Samtidig viser ferske tal torsdag at 6.000 fleire var sysselsette i november enn i august. Også dette er innanfor feilmarginen, ifølgje .
Men det siste året har delen av befolkninga som er sysselsett, auka frå 66,7 til 67,7 prosent.

Publisert: 24.01.2019 09:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36