NPK-NTB: Dette svarar til 4,0 prosent av arbeidsstyrken, viser tal frå SSB.
Den sesongjusterte arbeidsløysa var dermed uendra frå juli til oktober, ifølgje Statistisk sentralbyrås . SSB brukar tremånaders glidande gjennomsnitt – gjennomsnittleg arbeidsløyse i tremånadersperiodar. Talet på ledige for oktober er dermed eit snitt av månadane september, oktober og november.
SSBs AKU-tal er eitt av to sett som blir brukte for å måle arbeidsløysa i Noreg. Oversikta til nav er den andre. Mens SSB baserer seg på ei kvartalsvis intervjuundersøking, tel Nav registrerte ledige. I desember var det registrert hos Nav, noko som utgjer 2,3 prosent av arbeidsstyrken. Hovudårsaka til at SSBs AKU-tal som regel ligg klart høgare, er at SSBs undersøking også omfattar personar som søkjer arbeid utan å registrere seg hos Nav.
Ifølgje AKU-tala auka talet på sysselsette med 13.000 i oktober, justert for sesongvariasjonar, noko som svarar til ein auke i sysselsetjingsprosenten på 0,2 prosentpoeng. Endringa er innanfor feilmarginen, men er i tråd med ein stigande trend. Det siste året har tala på sysselsette auka med 55.000 personar.

Publisert: 03.01.2019 14:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36