Kort fortalt

Bikka nesten 1 billion i eksport

Utanrikshandel i 2018 på 999,8 milliardar.

15.01.2019
NPK: Inntekter frå råolje og naturgass stod for halvparten av eksporten.
Auken i utanrikshandelen med varer er på 16,2 prosent frå 2017, viser ei oversikt frå .
Verdien av fastlandseksporten utgjorde 457,6 milliardar kroner, ein auke på 9,3 prosent frå året før. Frå oljeindustrien, og då særleg råolje og naturgass, vart det eksportert for til saman 542,2 milliardar kroner i løpet av fjoråret. Auken for eksportverdien av råolje var på 18,8 prosent frå 2017, mens verdiauken for naturgass var heile 29,9 prosent. Auken i eksportverdien av råolje og naturgass blir i hovudsak forklart med vesentleg høgare prisar.
Samtidig auka vareimporten med 4 prosent til 711,8 milliardar kroner. Det var dermed eit handelsoverskot på 288 milliardar – 63,5 milliardar meir enn i 2017 då overskotet var blant dei minste sidan tusenårsskiftet.
Samtidig førte høgare prisar og auka volum til ein vekst på 4,3 prosent for norsk fiskeeksport, som enda på 96,2 milliardar kroner. Laks står åleine for 70 prosent av denne eksportverdien. Også eksportverdien for metall og raffinerte mineraloljeprodukt steig i 2018.

Publisert: 15.01.2019 09:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36