Kort fortalt

Bot til Sølvtrans etter fiskedød

200 tonn laks døydde.

25.01.2019
NPK: Reiarlaget Sølvtrans blir bøtelagt etter at 200 tonn laks døydde under transport med brønnbåten «Ronja Ocean» i fjor.
Mattilsynet meiner reiarlaget var aktlause ved å ikkje ha kontroll på oksygennivået i vatnet og for ikkje å ha ført tilstrekkeleg tilsyn med fisken under lukka transport, skriv .
Fisken blei frakta frå eit oppdrettsanlegg ved Sørværet til SinkabergHansen sitt slakteri på Marøya i Trøndelag. Transporten skjedde delvis med opne brønnar og delvis med lukka brønnar.
Rapportane undervegs på turen skildrar at «alt ser ok ut». Då fisken skulle lossast ved slakteriet, var om lag 33.000 fisk, cirka 200 tonn, døde.
Sølvtrans ønsker ikkje å kommentera saka.

Publisert: 25.01.2019 14:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36