Kort fortalt

Bustadkjøp: Foreldra hjelper

Sju av ti unge får hjelp.

01.02.2019
NPK-NTB: Sju av ti av DNBS unge bustadlånskundar får hjelp av foreldra, og delen er aukande. Privatøkonom Endre Jo Reite åtvarar mot bjørnetenester.
Fleire av bankane i landet fortel at foreldrehjelpa er aukande. DNB opplyser at delen unge bustadkjøparar som treng økonomisk hjelp frå mor og far, er no på 70 prosent.
Finansiell rådgivar Anne Motzfeldt i Danske Bank seier foreldra ofte stiller opp med realkausjon i form av pant i eigedom som bustad eller hytte når barna deira manglar eigenkapital. I 20 prosent av bustadlånsakene Danske Bank behandlar, stiller foreldra som enten medlåntakere eller kausjonistar for eigne barn.
– Dette er veldig mykje. Dei fleste foreldre vi snakkar med, er positive til å hjelpe fordi det nesten er umogleg for barna å komme seg inn på marknaden, seier Motzfeldt.
Privatøkonom Reite seier at foreldre må tore å stille krav til eigne barn så dei er rusta til forpliktinga dei tek på seg. Utfallet viss ikkje, kan bli ganske ille, åtvarar han.
– Den beste investeringa foreldre kan gjere, er å la barna spare så mykje som mogleg sjølv, slik at dei kan vise at dei ønsker å prioritere å eige eigen bustad, seier Reite, som er direktør for personmarknad i BN Bank.

Publisert: 01.02.2019 08:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36