NPK: Ein av fire i Bygde-Noreg ville valt dieselbil om dei skulle kjøpe eller byte bil i dag. Dieselbilen står sterkt i distrikta, sjølv om delen er blitt litt mindre sidan 2017.
Det går fram av ei gransking Sentio Research har gjort for avisa Nationen.
– Folk i distrikta brukar å køyre diesel. Familiar som har mykje uventa køyring vil ikkje lade, seier bilseljar Kjell Henry Slapgård hos Nord-Auto i Steinkjer til avisa. Han meiner den naturlege forklaringa på at mange har dieselbil som førsteval i distrikta er dårleg kollektivtilbod.
På landsbasis er prosentdelen som vil velje dieselbil i år uendra samanlikna med svara i 2017-granskinga. Talet som vil velje elbil har auka litt, frå 29 prosent til 32 prosent.
Forskingsleiar Erik Figenbaum hos Transportøkonomisk institutt meiner litt av grunnen til stabilt dieselsal på bygda ligg i lange avstandar og låg tettleik av ladestasjonar. Men han trur også det tek tid før nye trendar når grisgrendte strøk.
– Spreiinga av ny teknologi startar gjerne i meir tettbygde strøk der sjansen er større og fleire brukar elbilar. Du ser naboen har elbil og vurderer dette sjølv, seier han.
Delen som vil velje elbil som sin neste bil er uendra på landsbygda, om ein samanliknar med svara frå 2017. Av dei spurde, både forfjor og i fjor, ville 23 prosent valt elbil. Til samanlikning ville 53 prosent av dei spurde i Oslo ha valt elbil som sin neste bil.

Publisert: 03.01.2019 14:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36