Kort fortalt

Equinor trur på havvind

- Eit nytt norsk industrieventyr.

09.01.2019
NPK-NTB: To Statoil-tilsette på segltur var starten på ferda mot å bli ein verdsleiande leverandør av flytande havvindmøller.
På seglturen for snart to tiår sidan fekk dei to ideen til å setje vindturbinar på flytande plattformer, fortalde direktør Pål Eitrheim i selskapet, som har skifta namn til Equinor, i talen sin til NHOs årskonferanse.
Prosjektet har fått namnet «Hywind Tampen», og Equinor har i haust greidd ut moglegheitene for å forsyne Gullfaks- og Snorre-felta med straum frå flytande havvind. Olje- og gassplattformene midt i Nordsjøen, der det norske oljeeventyret starta, kan bli dei første i verda som blir forsynte med kraft frå flytande havvindturbinar.
– Investeringsramma er på 5 milliardar kroner. Investeringsavgjerda kan bli teken i år, sa Eitrheim.
Prosjektet kan gi meir enn 200.000 tonn i reduserte CO2-utslepp per år, noko som svarar til utsleppa frå 100.000 personbilar. Turbinar til havs er meir effektive enn dei som står nærare land, rett og slett fordi det blæs meir der.
– Viss vi lykkast, er potensialet globalt enormt. Vi er overtydde om at det er mogleg, seier Eitrheim.

Publisert: 09.01.2019 11:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36