Kort fortalt

Erstatning til tørkeramma bønder

Får nær 2,5 milliardar kroner.

08.01.2019
NPK-NTB: Over 2 milliardar kroner er så langt utbetalt i erstatning til tørkeramma bønder. Sluttsummen vil dra seg mot 2,5 milliardar kroner.
– Fjoråret vart eit svært vanskeleg år for veldig mange i landbruket, seier landbruks- og matminister Bård Hoksrud (Frp) til NTB.
Ved utgangen av 2018 var det utbetalt 1,6 milliardar kroner i erstatning til bønder som fekk øydelagt avlingane sine på grunn av tørkesommaren, ifølgje tal som offentleggjorde måndag kveld.
Rekorderstatninga fordeler seg på drygt 11.000 ferdig behandla søknader. Framleis står 4.000 søknader i kø for å bli behandla – noko som fort kan gi fleire hundre millionar i utbetalingar samla.
– I tillegg hadde vi den såkalla tørkepakka i form av ein tilleggsproposisjon i fjor sommar på 525 millionar kroner. Totalt er vi godt over 2 milliardar og nær 2,5 milliardar kroner før tørkeoppgjeret er over, seier Hoksrud.
Han legg til at dei siste ti åra er det tre gonger utbetalt erstatningar over 75 millionar kroner – men under 100 millionar kroner.
– Når vi no passerer 2 milliardar, seier det mykje om omfanget og kor krevjande fjoråret var. Framleis møter eg bønder som er bekymra for om dei har nok fôr til resten av vinteren. Utfordringane er ikkje over, seier Hoksrud.
Oversikta frå Landbruksdirektoratet viser at bøndene på Austlandet vart hardast ramma av tørkesommaren.
Ifølgje Landbruksdirektoratet var det ikkje berre ekstrem tørke som øydela for bøndene i fjor.
For mange bønder i Trøndelag, Rogaland og Hordaland vart ein estimert tredje slått ramma av dei store nedbørsmengdene som kom i løpet av hausten. Dette er forklaringa på at utbetalingane no overskrid prognosane som vart utarbeidd tidleg på hausten i fjor.

Publisert: 08.01.2019 12:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36