Kort fortalt

Ervik-båt har gått ned ved Falklandsøyane

Mannskapet skal ha gått i livbåtar.

23.07.2024

Fiskebåten Argos Georgia har gått ned i Sør-Atlanteren med 27 personar om bord, melder NRK.

Hovudredningssentralen for Sør-Norge opplyser tysdag ettermiddag at mannskapet ha teke seg over i livbåtar og flåter, men at dei ikkje veit korleis tilstanden deira er.

Tidleg tysda kveld melder VG at fleire frå mannskapet er brakt opp frå sjøen. Minst ein person skal vere omkome og minst ein person skal vere i live, ifølgje avisa.

Ervik Havfiske-konsernet på Stadlandet er medeigar i selskapet som eig fiskebåten. Argos Georgia er 54 meter lange og haustar tannfisk i området.

Det er ingen nordmenn om bord, fortel reiar Robert Ervik til kanalen.

Fleire båtar har søkt i området der fiskebåten melde frå at dei var i naud.

Publisert: 23.07.2024 15:01

Sist oppdatert: 23.07.2024 18:15

Mer om