(NPK-NTB): Regjeringa foreslår ei mellombels og avgrensa ordning som gir eigarar av verksemder som går med rekneskapsmessig underskot, utsett formuesskatt.
Regjeringa kjem med forslaget i samband med budsjettet for 2017, men nyheita vart kjent då regjeringa la fram revidert nasjonalbudsjett onsdag.
– Utsett formuesskatt for eigarane kan gjere det enklare for verksemder som ikkje har god tilgang på kapital, å halde aktiviteten ved lag i ein krevjande periode, seier finansminister Siv Jensen (Frp).
Det blir teke sikte på at ordninga skal gjelde frå og med inntektsåret 2016.

Publisert: 11.05.2016 11:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46