NPK-NTB: Nybustadsalet fall 10 prosent i siste månad i fjor samanlikna med desember i 2017, viser ferske tal frå Boligprodusentenes Forening.
Igangsettinga av bygging av nye bustader hadde i den siste månaden av 2018 ein oppgang på 25 prosent samanlikna med desember året før.
Foreininga presenterte onsdag også tal for 2018 totalt sett. Dei viser at salet låg 1 prosent under nivået i 2017, mens igangsettinga låg 4 prosent under.
– Igangsettinga av leilegheiter auka med 4 prosent i 2018, mens småhus og einebustader gjekk ned med høvesvis 15 og 10 prosent, seier direktør Per Jæger i Boligprodusentenes Forening i .
Også når det gjeld sal for 2018 totalt sett, er det stor variasjon mellom ulike typar bustader.
– Ser vi på dei ulike bustadtypane, viser resultatet for året størst nedgang i salet av småhus. Nedgangen for småhus var 14 prosent frå 2017. Salet av einebustader enda 6 prosent under 2017, mens salet av leilegheiter hadde ein vekst på 8 prosent, seier Jæger.
Totalt vart det selt 27.368 nye bustader i 2018. Det er omtrent på nivå med året før. Av desse var 14.189 leilegheiter, 5.798 småhus og 7.373 einebustader.
For fritidsbustader enda salet i fjor 6 prosent over 2017, mens igangsettinga viste ein nedgang på 11 prosent samanlikna med året før.
Obos sette i gang bygging av flest bustader i Noreg i 2018. På andre og tredjeplass kom Systemhus og Nordbohus.

Publisert: 23.01.2019 13:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36