NPK-NTB: Patentstyret fekk i fjor 8 prosent fleire søknader enn året før frå personar som vil ha einerett til varemerke. På fem år har det vore ein auke på 35 prosent.
– Dette er svært sterke tal. Dei viser at stadig fleire nordmenn forstår kva for ei tyding varemerke har for bedriftas forretningsutvikling og konkurransekraft, seier avdelingsdirektør Bernt Boldvik i Patentstyret.
I fjor sende nordmenn inn nesten 4.800 slike søknader. Det er særleg i bransjar som IKT, kultur og underhaldning at det har vore ein betydeleg auke. Norgesgruppen toppar lista med 40 varemerkesøknader i 2018.
Samla vart det sendt inn 17.280 norske og utanlandske søknader i fjor, som er på nivå med 2017.

Publisert: 14.01.2019 14:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36