Kort fortalt

Forskar på forsvunnen kaupang

Forskingsprosjekt skal svare på kva som skjedde med Borgund-kaupangen.

02.01.2019
NPK: Rundt år 1300 kan det ha vore eit yrande liv i Borgund ved dagens Ålesund. Men etter om lag år 1500 høyrer ein ingenting om staden. No skal ein forske på kva som skjedde.
Borgund er nemnd i sagalitteraturen og i skriftlege kjelder fram til på 1300-talet. Sidan er det lite å finne, skriv .
Arkeologiprofessor Gitte Hansen ved Universitetsmuseet har fått midlar frå Forskingsrådet til prosjektet «The Borgund Kaupang by Aalesund, Western Norway. Life and Death of a Small Town in the Periphery of Europe».
Saman med totalt 17 medforskarar skal Hansen sjå nærare Borgund-kapupangen dei neste fire åra. Frå Universitetet i Bergen er det i tillegg til arkeologar med både ein kunsthistorikar, ein historikar, ein geolog og ein norrønfilolog. Dessutan er fleire museum med. Det same er forskarar frå utanlandske universitet.
På 1950- og 1960-talet vart det gjort fleire arkeologiske utgravingar ved Borgund-kaupangen ved Ålesund. Ein fann både hus, brønnar, eit kaianlegg, eit gravfelt med om lag 300 graver og spor etter det ein trur har vore tre eller fire kyrkjer. Det vart også funne 45.000 gjenstandar som i dag er lagra hos Universitetsmuseet, skriv .
Trass i alt som vart funne, veit ein lite om kaupangen på Sunnmøre og om dei folka som budde og virka der, men no skal forskarane grundig analysere dei funna som er gjort tidlegare.

Publisert: 02.01.2019 08:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36