NPK: Noregs sjømatråd meiner ein fransk dokumentar om korleis norsk torsk blir behandla i Kina kan svekkja omdømmet til Noreg.
Den franske dokumentaren viser ifylgje korleis norsk torsk blir sendt til Kina og fylt med kjemiske tilsetningsstoff og vatn, før han blir sendt ut på marknaden i Europa.
Filmen har fått stor merksemd i Frankrike, noko fiskeriutsending for Noregs sjømatråd i landet, Paal Frisvold, meiner er lite heldig.
– At saka får stor merksemd kan vera uheldig for omdømmet til norsk torsk i Frankrike, difor følgjer vi saka tett, seier han.
Ifylgje Mattilsynet er det lov å bruka små mengder fosfat i uforedla frosne fiskefiletar, men det blir streka under at det er strenge reglar for korleis dette skal gjerast.
Også når det gjeld bruk av vatn er det strenge retningslinjer. Forskaren Stephane Desobry som er intervjua i filmen, meiner likevel det ikkje er etisk forsvarleg, fortel NRK.
– Kundane trur dei betalar for torsk, men i realiteten betalar dei for vatn, seier han.

Publisert: 23.01.2019 14:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36