Kort fortalt

Havmerd tapte mykje laks

Rømingsproblem for Ocean Farming.

24.01.2019
NPK-NTB: Rundt 16.000 laksar rømde frå havmerden til Ocean Farming i Trøndelag i fjor.
Fiskeridirektoratet fekk meldinga om rømminga frå lokaliteten til selskapet Håbranden utanfor Frøya i september.
Merden er no tømd, og fisken er slakta ut. Den rømde fisken hadde ei snittvekt på rundt fire kilo.
Direktoratet gav pålegg om miljøovervaking av 13 laksevassdrag i oktober. Vidare oppfølging av saka blir gjort av Fiskeridirektoratets region i Midt-Noreg.
Ocean Farming er eit selskap i Salmar-konsernet.

Publisert: 24.01.2019 14:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36