Kort fortalt

Helselaget vil avskaffe vinkartongar

- Heilt korka, meiner regjeringa.

24.01.2019
NPK-NTB: Helsedirektoratet ønsker å forby store vinkartongar og meiner det kan redusere alkoholforbruket til nordmenn. Regjeringa meiner forslaget er uaktuelt.
– Viss ein har ein opna treliter i skapet, er det lettare å ta eit glas vin enn viss ein må opne ei flaske, seier folkehelsedirektør Linda Granlund i Helsedirektoratet til
Direktoratet viser til at alkohol er ein risikofaktor for fleire sjukdommar og meiner det vil føre til lågare forbruk om Vinmonopolet ikkje sel dei store pakningane.
– Vi har mellom anna sett på kva dei har gjort i Australia der dei sel maks einlitersstorleikar. Der såg ein at ein reduserte alkoholinntaket ganske mykje, og det er verdt å sjå på erfaringane deira, seier Granlund.
Forslaget blir fremma i ein rapport som er bestilt av Helsedepartementet før dei skal legge fram ei ny folkehelsemelding.
Men Helsedirektoratets ønske blir likevel blankt avvist av eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp).
– Det er fullt uaktuelt for regjeringa å forby pappvin. Det vil derfor ikkje komme eit forbod mot dette i folkehelsemeldinga, seier Michaelsen til NTB.
Helsepolitisk talsmann i Høgre Sveinung Stensland reagerer òg på forlaget, og meiner det minner mest om ein formyndarstat.
– Forslaget er korka, og det bør tørkast. Vi må ha legitimitet for ein streng alkoholpolitikk, men det må ikkje bikke over til at vi blir ein formyndarstat, seier Stensland.
I fjor utgjorde vin i pappkartongar 42 prosent av omsetnaden på Vinmonopolet. Særleg vert det seldt mykje pappvin før høgtidar og feriar, opplyser kommunikasjonssjef Jens Nordahl i Vinmonopolet. Han trur ikkje forbod vil gi nedgang i vinforbruket.
– Vi trur det vil føre til ein kraftig auke av sal av vin på flaske, og vi trur òg grensehandelen vil auke, seier han til NRK.

Publisert: 24.01.2019 08:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36