NPK: Medan norsk næringsliv nesten held pusten før Storbritannia går ut av EU 29. mars i år, har Hurtigruten is i magen. Selskapet har gode bookingtal og merkar førebels ikkje noko til verken brexit eller marknadsuro, skriv E24.
– Vi har kjempeoppgang frå den britiske marknaden og har aldri hatt fleire britar om bord, fortel konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten til .
Reiarlaget driver både ein omfattande kommersiell cruiseverksemd i tillegg til den tradisjonelle kystruta langs norskekysten, og lever av at turistar frå ein rekke land ønsker å oppleve hav og natur på nært hald.
Konsernsjefen fortel at dei ikkje merkar nedgang i tingingane av reiser eller andre effektar frå brexit og marknadsuro, frå verken Storbritannia eller andre marknader.
– Vi har eit stort kontor i London og i Seattle, men vi er ikkje ramma av brexit. Skulle vi bli ramma av noko, måtte det vere at optimismen i marknaden fall, men det har vi ikkje sett, seier Skjeldam vidare.

Publisert: 10.01.2019 11:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36