Kort fortalt

Kartlegging av fritidsbåtulykker

Vil styrke tryggleiken til sjøs.

09.01.2019
NPK: Omfanget og omstenda knytt til fritidsbåtulukker er blitt undersøkt for å finne ut kva tiltak som kan betre tryggleiken til sjøs.
Statens havarikommisjon for transport (SHT) gjennomførte i fjor ei omfattande kartlegging av ulykker med fritidsbåtar her i landet. Føremålet er å få eit betre faktagrunnlag om omfanget og omstenda knytt til ulykker med fritidsbåtar. Dette skal betre kunnskapsgrunnlaget om kva tiltak som kan styrkje tryggleiken til sjøs, fortel SHT på nettsidene sine.
Kartlegginga har bestått av to hovudoppgåver. Den første har vore å innhente relevant og tilgjengeleg faktainformasjon om alle fritidsbåtulykker i 2018 der nokon har mist livet eller er sakna.
Den andre oppgåva har vore å hente inn data om historiske fritidsbåtulykker, også der det ikkje er omkomne eller sakna, for tidsrommet 2008–2017.
SHT analyserer no informasjonen. Resultata vil bli offentleg tilgjengeleg i ein rapport. Den vil bli lagt fram på Fritidsbåtkonferansen 25. april 2019.

Publisert: 09.01.2019 10:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36