Kort fortalt

Kina satsar på lakseoppdrett

Vellukka testing av nytt sjøanlegg.

24.01.2019
NPK: Så langt er eit nedsenkbart anlegg med 200.000 laks 200 kilometer utanfor kysten av Kina ein suksess.
Det kinesiske nyheitsbyrået Xinhau seier at anlegget Deep Blue No. 1 har stått imot naturkreftene, skriv Intrafish.no.
200.000 smolt blei sett ut då anlegget blei etablert i juli 2018. Så langt har få av desse døydd, og anlegget har stått imot naturkrefter som mellom anna tyfon.
Det er Kinas Ocean University og Rizhao Wanzefeng Fishery Company som står bak prosjektet, og dei hevdar dette er eit viktig gjennombrot for akvakultursektoren i landet.
Deep Blue No. 1 skal kunne produsere 1.500 tonn laks, og no er også utviklinga av Deep Blue No. 2 ferdig. Det er venta at det skal bli teke i bruk mot slutten av året. Der er kapasiteten på ein million laks.

Publisert: 24.01.2019 09:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36