Kort fortalt

Klar nedgang i kortsvindelen

Kundane passar betre på PIN-koda.

14.01.2019
NPK-NTB: Svindelen med kort, skimming og misbruk av stolne kort fall med 35 prosent i 2018, ifølgje ein prognose frå Bitar.
– Vi ser at det langsiktige arbeidet til bankane for auka sikkerheit på kortområdet gir resultat, seier Eivind Gjemdal, dagleg leiar i Bitar – bank og infrastrukturselskapet til finansnæringa.
Han trekker fram fire faktorar som kan ha bidrege til den tydelege nedgangen: kundane har vorte flinkare til å passe på at PIN-kodar ikkje kjem på avvegar, utfasing av kort med magnetstripe til fordel for bankkort med chip, betre robot-overvaking av korttransaksjonane og bruk av tofaktor-stadfesting av kortbetalingar på nettet.

Publisert: 14.01.2019 14:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36