NPK-NTB: Åtte nye bompengeprosjekt blir innført i løpet av året, i tillegg poppar 54 nye bomstasjonar opp i Oslo. 2019 blir det store bompengeåret, meiner NAF.
– 2018 var eit dyrt bompengeår for bilistar og 2019 blir ikkje betre, snarare tvert imot, seier kommunikasjonssjef Camilla Ryste i NAF til .
I Nedre Glomma-regionen blir det innført bompengar som ein del av bymiljøpakka, i tillegg kjem det altså nye bomstasjonar i Oslo og Bergen. Det skal òg krevjast inn bompengar på E18 mellom Tvedestrand og Arendal, E6 mellom Kolomoen og Moelv, E134 i Buskerud, Ryfast i Rogaland, fylkesveg 17 i Steinkjer, og det blir innført bompengar i 2019/2020 på E18 mellom Rugtvedt og Dørdal i Telemark.
– Politikarane vedtek store veg- og kollektivprosjekt, men dei prioriterer ikkje pengar til å betale heile rekninga, men sender ho til dei som er avhengige av bilen i kvardagen, seier Ryste.
Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) forstår at folk er frustrerte, men seier staten no brukar meir pengar på å finansiere nye vegar og at bompengedelen har gått ned. Likevel må bilistane betale meir i bompengar i år.
– Vi skal byggje mykje meir veg, og det betyr at det blir noko meir bompengar enkelte stader i landet. Men til sjuande og sist betyr det betre standard på vegnettet vårt, seier Dale.

Publisert: 02.01.2019 10:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36