Kort fortalt

Lange ventetider for nytt pass

Må ofte vente over to månader.

01.02.2019
NPK-NTB-Peter Tálos: Fleire av politistasjonane i landet har ikkje ein einaste ledig time for bestilling av pass dei neste to månadene
På nettsidene til politiet for å reservere tid for nytt pass er det berre ledig time ved nokre få politistasjonar dei neste to månadene. På heile Sør- og Austlandet er det fleire stader ikkje eingong mogleg å reservere time.
Heller ikkje på Vestlandet er det mange ledige timar, mens det i Rogaland tilsynelatande er noko lettare. I Nord-Noreg synest ikkje situasjonen stort betre. Verken i Bodø eller Tromsø var det nokon ledige timar å oppdrive torsdag ettermiddag.
– Politiet skal yte betre service overfor publikum, og vi vil derfor tilrå politidistrikta å utvide opningstidene, òg til å gjelde kveldsope og eventuelt laurdagsope, viss det er behov for det, skriv seksjonssjef Arne Isak Tveitan i Politidirektoratet til NTB.
Seksjonssjef Heidi Vinsrud i Øst politidistrikt stadfestar at det er press på alle politistasjonane som skriv ut pass om dagen. Det blir jamleg lagt ut nye timar, men dei blir raskt rivne vekk.
– Det er så stort behov no at vi ikkje klarer å dekke alle som treng nytt pass. Vi driv og tilset fleire folk som vi skal ha inn både i Ski, Lillestrøm og Grålum, men det tek litt tid, seier Vinsrud til NTB.
Frå passkontoret til politiet på Gardermoen er det så langt ikkje komme tilbakemeldingar om auke av reisande som treng nødpass på grunn av lange ventetider.
Også i Vest politidistrikt er det langt mellom dei grøne felta i kalenderen til passkontoret. Men sjef Kristi Fürstenberg i forvaltingsseksjonen forklarer det med at ledige timar blir etter kvart lagt ut som kapasiteten ved passkontora blir endra.
– Mange legg nok ut ei grunnstamme av ledige timar. Etter kvart som vi veit kor mange vi har på jobb, fyller vi på etter kvart når vi kjem framover i kalenderen, seier Fürstenberg.
Ho seier det er ledig kapasitet i nesten heile Vest politidistrikt kommande veke, så folk som treng nytt pass, kan berre komme.
– Det er ingen utfordringar no, men det blir nok litt meir trykk når vi kjem til april og mai, seier ho.
Politidirektoratet har rådd distrikta å utvide bestillingstidene for bestilling av pass på nett frå 30 til 60 dagar, noko fleire av distrikta har gjort. Oslo, som òg dekker Asker og Bærum, opererer med timebestilling 60 dagar fram i tid. Det har ikkje teke av for pågangen.
– Vi opplever til tider stor pågang/etterspurnad etter time for pass, noko som kan resultere i at det ikkje er noko ledig. Nettsida fungerer optimalt, men det er til tider ingen tilgjengelege timar, stod det på bestillingssida torsdag.
Pressesjef Unni Grøndal seier dei i Oslo politidistrikt er i ferd med å tilsetje fleire medarbeidarar, og at opningstidene blir vurdert, inkludert å ha laurdagsopne passkontor. Ho seier dei legg ut nye timar kvar fredag, og at oversikta blir oppdatert heile tida.
– Vi opplever at det er stor pågang på timebestilling ved passkontora våre i Oslo politidistrikt. Vi prøver så godt det lèt seg gjere å imøtekomme denne etterspurnaden, seier ho.

Publisert: 01.02.2019 08:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36