NPK-NTB: Delen norske kommunar som har sett tenester ut på anbod, auka kraftig fram til 2012, men no er trenden i ferd med å snu.
Ifølgje ein nyleg publisert artikkel av professor Åge Johnsen ved Oslo Met, auka delen kommunar som hadde konkurranseutsett ein eller fleire tenester frå 54 prosent i 2004 til 81 prosent i 2016. Men i 2012 var delen 82 prosent. Det har dermed vore ein ørliten nedgang frå 2012 til 2016, skriv Dagsavisen.
Leiaren i fagforbundet, Mette Nord, meiner dette ikkje kjem som eit resultat av at det er ei kursendring hos regjeringa, men heller den politiske kursen i kommunane.
– Eg trur det er to årsaker til at trenden har snudd. Den eine er at vi har eit fleirtal raudgrøne kommunar. Den andre at vi no har fått gode, eller rettare: dårlege, erfaringar med konkurranseutsetting og kva det faktisk fører til. Vi har sett kor sårbare kommunane blir når viktig infrastruktur blir sett ut på anbod, seier Nord til avisa.
Konkurranseutsetting av renovasjonstenester auka frå 32 prosent i 2004 til 41 prosent i 2012, ifølgje tal frå KOSTRA. Etter at dei nordiske konkurransetilsyna i 2016 foreslo anbodskonkurransar i denne sektoren for å klargjere om private kunne tilby billegare og betre tenester, er både Veireno i Oslo og RenoNorden, som hadde kontraktar med meir enn hundre norske kommunar, slått konkurs.
I Oslo har Høgre likevel gått inn for å konkurranseutsette renovasjonen i det alternative budsjettet sitt for neste år.
– Vi meiner at renovasjon er eigna for konkurranse, slik det var i mange år under ulike fleirtal, seier partiets finanspolitiske talsmann Øystein Sundelin, og viser til at Oslo har konkurranseutsett renovasjon sidan 1992. Han meiner òg at Oslo kommune stiller meir førebudd til å bruke private aktørar etter Veireno-skandalen for to år sidan.

Publisert: 28.12.2018 09:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36