NPK: I 2018 fekk Statens vegvesen inn 4.694 søknader om personleg bilskilt. Halvparten av dei som fekk innvilga søknaden, betalte ikkje innan fristen.
Totalt var det i fjor 2.417 som fekk godkjenning på bokstav- og talkombinasjonen, men som likevel ikkje betalte innan fristen på 30 dagar. Det inneber at skiltet ikkje blir sett i bestilling, og bokstavkombinasjonen blir tilgjengeleg for nye søkjarar.
– Vi er nok ikkje overraska over at fleire søkjer og ikkje betaler. Vi vil vurdere tiltak for å redusere dette, då det inneber unødvendig saksbehandling av desse sakene, seier seksjonssjef Heidi Øwre i Statens vegvesen.
Det var 1.624 søkjarar som betalte og fekk moglegheita til å bestille sitt personlege bilskilt. 273 fekk avslag, og 341 søknader vart trekte tilbake av søkjar.
Ordninga med personlege bilskilt vart innført juni 2017. Det første året fekk Statens vegvesen inn totalt 19.201 søknader. Av desse var det i underkant av 30 prosent som betalte for godkjent skilt. I 2017 vart 935 søknader avslått, og 809 søknader vart trekte av søkjer.

Publisert: 28.01.2019 14:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36