Kort fortalt

Mange vil til Gdansk

Over 100.000 reiste frå Vigra i fjor.

18.01.2019
I 2018 reiste over 100.000 passasjerar på Wizz Air si rute mellom Ålesund og Gdansk. Med det er ruta til Gdansk den største utlandsruta på Vigra målt i antal passasjerar.
Det opplyser lufthamnsjef Tor Hånde i ei pressemelding.
Han viser til at det er fem utlandsruter på Vigra, i tillegg til et omfattande chartertilbod heile året, men ingen slår Gdansk-ruta.
- Denne flyruta dekker eit stort behov for polske arbeidarar som reiser til og frå jobb i vår region. Samtidig har det blitt vanleg at polske statsborgarar som har etablert seg i vårt distrikt, får besøk av slekt og vener frå heimlandet som kan reise direkte til Ålesund til gunstige prisar.
- Gdansk har også blitt ein svært populær destinasjon for weekend og ferier for nordmenn, seier Hånde.

Publisert: 18.01.2019 08:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36