Kort fortalt

Medi3 utvidar tilbodet

Har tilsett jordmor.

11.01.2019
Medi3 i Ålesund utvidar tilbodet med jordmorsteneste, opplyser selskapet i ei pressemelding.
Jordmor Sara Fugledal Wiik er tilsett. Ho har blant anna erfaring som jordmor fra føde- og barselavdeling på sjukehuset og stiftelsen Amathea.
Medi3 opplyser at selskapet dermed får ei fullverdig svangerskapsoppfølging med tilgang til allmennlege, laboratorium, fysioterapeut, kiropraktor, psykolog og andre spesialistar under same tak.
I tillegg til å jobbe i klinikk vil Sara Fugledal Wiik også vere ein del av bedriftshelse-tjenesten til Medi3 frå nyttår og hjelpe gravide med tilrettelegging i arbeidet.

Publisert: 11.01.2019 15:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36