Kort fortalt

Miljørørsla tapte strid om gruveavfall

10.01.2024

(NPK-NTB): Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har tapt Fjordsøksmålet i Oslo tingrett. Staten får medhald for løyvet sitt til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden.

Onsdag ettermiddag fall dommen i ein av Noregs mest langvarige miljøstridar. Der slo tingretten fast at miljøorganisasjonane ikkje får medhald i at løyvet til gruvedrift med sjødeponi i Førdefjorden er ugyldig.

– Vi er både sinte og skuffa. Denne dommen er ei krise for rettsvernet til naturen i Noreg, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet etter at dommen vart klar.

Naturvernforbundet ber no om pengehjelp til å betale utgifter i samband med søksmålet.

Nordic Mining, som planlegg gruvedrift i fjellet, har fått løyve av staten til å deponere 170 millionar tonn avfall i fjorden. Heilt sidan 2008 har derimot miljøaktivistar kjempa for å hindre dette. Dei har heile tida hevda at løyvet byggjer på feil forståing av EU-direktiv, og dermed ikkje kan vere gyldig.

– Dommen er som venta og tydeleg. Vi opplever at staten har gjort ein grundig jobb dei 15 åra saksbehandlinga har funne stad og er glade for at retten anerkjenner at løyva og konsesjonane våre er gyldige, fortel Ivar S. Fossum som er administrerande direktør i Nordic Mining i ei pressemelding.

Avgjerda betyr at Nordic Mining får lov til å dumpe 170 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden.

– Nordic Mining held fram med den høge byggjeaktiviteten og ser fram til produksjonsoppstart i andre halvdel av 2024, seier Fossum.

Publisert: 10.01.2024 18:24

Sist oppdatert: 10.01.2024 18:24

Mer om