Harald Sætre frå Larsnes er tilsett som ny konsernsjef i Ulstein Betongindustri.
Sætre overtok etter Vidar Moldskred frå årsskiftet.
Sætre er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole, og har tidlegare leiarerfaring frå blant anna Breivik kalkverk.
Han har sidan 2013 arbeidd ved Ulstein Betongindustri som økonomi- og administrasjonssjef.
Han får no ansvar for over 70 tilsette og eit konsern som i 2017 omsette for rundt 140 millionar kroner.
Sidan 2013 har Ulstein Betongindustri vore morselskap til dei 100 prosent eigde dotterselskapa Ulstein Betong, Ulstein Betong Marine, Ulstein Betong Utbygging, Ulstein Entreprenør, Ulstein Knuseverk og Ulstein Kran & Transport.

Publisert: 03.01.2019 15:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36