NPK: Vill fiskeyngel kjem seg inn i oppdrettsmerdar. Der lever dei godt på oppdrettsfôr og blir så store at dei ikkje kjem seg ut att.
Problemstillinga er dokumentert og diskutert i ein vitskapeleg artikkel av forskarar ved Havforskingsinstituttet.
– I samband med eit anna forsøk observerte vi mykje fisk som ikkje skulle vore i oppdrettsmerden. Sidan vi har sett dette gjentatte gonger, bestemte vi oss for å undersøkje kor utbreitt problemet er, fortel Per Gunnar Fjelldal til . Han er forskar ved Havforskingsinstituttet og har styrt arbeidet.
Etter at forskarane var ferdige med gjennomgangen, viste det seg at det også var andre artar i merdane.
– Vi fant åtte «nye» artar: ål, sjøaure, torsk, hyse, sei, lyr, lysing og kviting. Alle, med unntak av ålen, har truleg komme inn som yngel og deretter vakse så mykje at dei ikkje kom seg ut igjen, fortel Fjelldal.
I det mest ekstreme tilfellet fann forskarane fleire hundre fisk av feil art. Sjølv om dette høyrest mykje ut, er det framleis usikkert kor stort dette problemet er.

Publisert: 08.01.2019 14:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36