NPK-NTB: Alle norske husstandar skal no ha ny digital straummålar. Dei nye målarane har allereie hindra brannfarlege situasjonar.
Med dei digitale straummålarane kan nettselskapa få spenningsmålingar og jordfeilvarsling direkte frå alle kundane sine, ifølgje . Uvanlege utslag kan tyde på brannfare.
– I haust fann vi tre tilfelle der det var svartbrent i plasten og isolasjonen i det elektriske utstyret hos kunden. Der veit vi at det kunne vorte brann, seier Silje Ingebrigtsen i Alta Kraftlag.
Også Haugaland Kraft har liknande erfaringar. I vår fekk dei inn målingar som viste kritisk spenningsfeil hos ein privatkunde i Haugesund. Då dei kom til staden, var inntaksboksen raudglødande, og det gnistra frå leidningane.
– Vi har fleire gonger avdekt dårlege klemmeforbindelsar med varmgang som kunne ført til brann hos kundar, seier fagansvarleg for smartnett Svein Inge Djursvoll hos Haugaland Kraft til Teknisk Ukeblad.

Publisert: 04.01.2019 11:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36