NPK-NTB: Dei tre leiande lågpriskjedene skal opne 113 nye butikkar i år. Etableringskappløpet kan føre til ei overetablering, erkjenner Kiwi-sjefen.
Trass i svak vekst i daglegvaremarknaden, vil Kiwi, Rema og Coop Extra opne 113 nye butikkar i 2019, ifølgje tal har henta inn hos kjedene.
Kiwi, som med 664 butikkar har flest butikkar, men lågare snittomsetnad enn Rema, har dei siste åra byrja å ta igjen Rema i kampen om å vere den største lågpriskjeda. Rema svarte med storsatsing på nye butikkar, utan at Kiwi først følgde trenden. I fjor etablerte Kiwi likevel 14 nye butikkar, og i år blir opna 20 nye butikkar.
– Det er utvikling eller avvikling, seier Kiwi-sjef Jan Paul Bjørkøy. Han erkjenner likevel at kappløpet kan føre til overetablering.
I år varslar Coop Extra 73 nye butikkar, noko som vil gi kjeda 500 butikkar totalt. Rema, som har 634 butikkar, ønsker 20 nye butikkar i år.
– Eg er ikkje bekymra for overetablering i marknaden, men kampen handlar om å heile tida vere best på både billegaste prisar og stort utval, som vi ser kundane våre verdset, seier Extra-sjefen Christian Hoel.

Publisert: 29.01.2019 08:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36