Kort fortalt

Oppdrett og fiskeri er vekstdrivarane

Fastlandsøkonomien auka, viser SSB-tal.

NPK
12.01.2022

(NPK-NTB): BNP for Fastlands-Noreg auka med 0,7 prosent i november, ifølgje sesongjusterte tal. Næringane som har vore ramma av pandemien, heldt fram med å hente seg inn.

Det skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

− Mot slutten av oktober auka smitten igjen, men november var framleis ein månad med få restriksjonar, og fleire verksemder heldt aktiviteten oppe. Effekten av smitteverntiltaka kan bli meir synlege for dei meir utsette næringane i desember, seier seksjonssjef Pål Sletten i SSB.

Veksten kan i stor grad tilskrivast akvakultur, fiske og fangst. Samtidig svingar næringane kraftproduksjon og fiske frå månad til månad. Ser ein bort frå desse var veksten i BNP for Fastlands-Noreg på 0,3 prosent.

Utvinning av olje og gass fall med 5,9 prosent i november på grunn av tekniske problem. Oljedirektoratet (OD) skriv at det til saman vart selt 10,1 milliardar standard kubikkmeter gass i november, noko som er 0,4 milliardar standard kubikkmeter mindre enn månaden før. Oljeproduksjonen enda på 5 prosent under OD-prognosen for november.

Samtidig var utvinninga av olje og gass målt i løpande prisar nesten tre gonger høgare i november 2021 enn i same perioden i fjor.

Hushaldskonsumet heldt fram med å auke og voks med 1,3 prosent i november. Varekonsumet steig 2,7 prosent frå oktober til november og vart trekt opp av kjøp av bilar og elektrisitet. Utlendingars konsum i Noreg steig med 4,8 prosent, men ligg framleis på eit lågt nivå samanlikna med før pandemien.

(©NPK)

Publisert: 12.01.2022 11:13

Sist oppdatert: 12.01.2022 11:16

Mer om