Kort fortalt

Rekordstor løyving frå Forskingsrådet

250 millionar til velferdsforsking.

31.01.2019
NPK: Forskingsrådet har denne våren ein kvart milliard å fordele på forskarprosjekt innan velferd, arbeidsliv, migrasjon, arbeidsmiljø, arbeidshelse og pensjon.
Gjennom forskingsprogrammet VAM II lyser Forskingsrådet ut ein rekordstor sum for å takle nokre av dei største samfunnsutfordringane Noreg står overfor.
– Eg har høge forventningar til VAM II. Programmet skal gi forsking av høg kvalitet. For å oppnå målet om eit omstillingsdyktig arbeidsliv med høg sysselsetjing treng vi mest mogleg kunnskap. Det er behov for endå meir kunnskap om verkemiddelbruk, arbeidsmarknadspolitikk, arbeidsmiljø- og sikkerheitspolitikk, pensjonspolitikk og politikken knytt til trygd og annan inntektssikring. Forskinga må både bidra til forståing av korleis sektoren utviklar seg, og danne grunnlaget for løysingar på velferds- og arbeidslivspolitikken, seier arbeids og sosialminister Anniken Hauglie på nettstaden til .

Publisert: 31.01.2019 13:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36