Kort fortalt

Samarbeidsforum for Autopass-ordninga

Skal sikre god gjennomføring.

04.01.2019
NPK: Det er etablert eit samarbeidsforum – Autopass Forum – for å sikre at bompengereforma vert gjennomført som planlagt.
– Dette er eit nybrotsarbeid som krev at vi jobbar tett saman for å få til eit effektivt og godt samarbeid mellom alle aktørane som no kjem på bana i samband med bompengereforma, fortel Anne-Karin Sogn, administrerande direktør i Fjellinjen, i ei pressemelding. Ho er nyvalt leiar for styringsgruppa som inneheld dei nye regionale bompengeselskapa og Statens vegvesen.
Dei skal saman styre det nye samarbeidsforumet som har fått namnet Autopass Forum.
Det viktigaste som no står for døra i Vegdirektoratet, er å leggje til rette for korleis bompengesektoren skal organiserast, driftast og vidareutviklast.
Over 60 selskap er blitt til fem regionale selskap som skal dekke mesteparten av bompengedrifta i landet, bortsett frå eit fåtal som framleis skal drifte aleine.
– Vi skal overføre mange oppgåver frå Vegvesenet til bompengeselskapa, men myndigheitsansvaret vil framleis bli liggjande i Statens vegvesen. Det inneber blant anna tilsyns- og kontrolloppgåver, opplyser Åge Jensen, avdelingsdirektør i Seksjon for brukarfinansiering i Vegdirektoratet og medlem av styringsgruppa.

Publisert: 04.01.2019 11:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36