Kort fortalt

Sel norsk laks frå automatar

Lakserosa nyvinning i Singapore.

24.01.2019
NPK: Fjorten lakserosa automatar er plassert ut i gatene i Singapore. Dei serverer frosen, norsk laks i filetar.
Det er Lyng Seafood frå Måløy i Sogn og Fjordane som vil lokka folk i det vesle landet i Søraust-Asia med norsk laks, skriv .
Det som liknar ein brusautomat informerer om at ein kan kjøpa frosne laksefiletar. Kvar filet på 200 gram kostar 5,90 Singapore-dollar, om lag 37 norske kroner.
Oppdrettsselskapet SalMar stadfestar til iLaks at dei leverer laks til Lyng Seafood. Det er derfor truleg at laksen i maskinane kjem frå Frøya i Trøndelag.
Maskinen er 1,75 meter høg og litt over 70 centimeter brei. Ifølgje Lyng Seafood Asia er automaten «World’s first Norwegian salmon ATM». Så står det att å sjå om singaporarane blir freista av lakseautomaten.

Publisert: 24.01.2019 08:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36