Kort fortalt

Ser på nasjonalt dronesenter

Næringsministeren ber om innspel.

15.01.2019
NPK: Nærings- og fiskeridepartementet er i ferd med å greia ut om det er behov for eit nasjonalt kompetanse- og dronesenter her i landet. No ber næringsministeren om innspel frå næringslivet.
– Noreg har ein gunstig kombinasjon av store luftrom, god infrastruktur og høg fagkompetanse. Det kan gje oss eit særleg fortrinn i droneutvikling. No ønskjer eg å få innspel frå både private og offentlege aktørar, slik at vi kan vurdera behovet for eit nasjonalt dronesenter, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i ei pressemelding.
I dronestrategien til regjeringa står det at ein skal greia ut moglegheitene for å oppretta eit slikt senter. Det heiter også at regjeringa skal sjå nærmare på bransjefinansiering av senteret, og leggja til rette for testing og utvikling av droneflyging under krevjande tilhøve.
I første omgang ønskjer departementet å kartleggja behova for eit nasjonalt dronesenter hos forvaltninga og næringslivet. I den samanhengen ber departementet om innspel frå næringslivet på ei rekkje spørsmål.
Det går mellom anna på behovet for eit slikt senter og kva samfunnsbehov og funksjonar eit eventuelt dronesenter kan dekkja. Verdiskaping og finansiering er andre tema departementet gjerne vil ha synspunkt på.

Publisert: 15.01.2019 11:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36