NPK-NTB: Norske sjømatleverandørar bør eksportere så mykje som mogleg inn i Storbritannia før landet skal ut av EU og EØS 29. mars, meiner Sjømatrådet.
Sjømatrådets utsending til Storbritannia, Hans Frode Kielland Asmyhr, seier til at alle sjømatbedriftene som sel til Storbritannia, må ta innover seg at ingen veit kva som eigentleg kjem til å bli realitetane etter skilsmissa mellom EU og Storbritannia 29. mars.
Om Storbritannia går ut av EU utan ein avtale, blir det truleg meir toll enn i dag, fordi det blir medlemskapen i Verdshandelsorganisasjonen (WTO) som avgjer reglane for handelen med varer og tenester.
– Det vil vere smart å få varer inn i Storbritannia før 29. mars der dette er mogleg, seier Asmyhr.
Moglegheita for å gjere dette med fersk fisk og sjømat med avgrensa haldbarheit er likevel ikkje så stor.
Norske styresmakter prøver ifølgje NHO heimesidene sine å komme ein avtalefri brexit i forkjøpet: «Noreg forhandlar med britane om ein nødløysingsavtale som kan hindre innføring av toll.»
Nærings- og fiskeridepartementet opplyser i ein e-post at Noreg og Island for tida er i samtalar med Storbritannia om ein mellombels og avgrensa handelsavtale for varer, som skal sikre vidareføring av dagens tollnivå og opphavsreglar. Målet skal vere å sluttføre desse samtalane innan utgangen av februar.

Publisert: 04.02.2019 08:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36