NPK: Noreg kunne auka verdien av sjømateksporten med 30 milliardar kroner dersom norsk laks og torsk hadde blitt filetert i Noreg.
Det går fram av utrekningar frå Noregs sjømatråd, omtalt i
– Det blir sendt meir fisk utilverka ut av Noreg i dag enn for ti år sidan. Vi har ikkje klart å komme oss vekk frå å levere råvarer til industri i andre land. Her ligg det eit stort potensial for auka verdiskaping i Noreg, seier Renate Larsen, administrerande direktør i Noregs sjømatråd til avisa.
Måndag vart tala for norsk sjømateksport i 2018 presentert. Eksportverdien ligg på 99 milliardar kroner, ein oppgang på fem milliardar frå året før. Men også utilverka fisk har ein oppgang.
I fjor vart 72 prosent av all norsk sjømat ikkje vidareforedla av norsk industri, men sendt rett til fiskeindustrien i Asia, Europa og USA. Det er ein auke på seks prosentpoeng sidan 2008.
– For villfanga fisk kunne vi auka eksportverdien med ti milliardar kroner om vi fileterte fisken i Noreg. For norsk laks kunne eksportverdien auka med 20 milliardar kroner viss vi fileterte laksen her, seier Renate Larsen.

Publisert: 08.01.2019 12:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36