Kort fortalt

Sparebank hovudsponsor for Bygdepride

Gir 50.000 kroner i støtte.

16.01.2019
NPK: Sparebank 1 Søre Sunnmøre gir 50.000 kroner i støtte til Bygdepride, og blir hovudsponsor for festivalen.
Bygdepride blir arrangert frå 8. til 12. mai i Ørsta og Volda. Under festivalen skal det vere både teater, kino, konsertar og parade. Festivalen blei arrangert for første gong i fjor.
– Som lokal bank skal vi vere ei drivkraft for å gjere det betre å bu og virke på Søre Sunnmøre. Bygdepride er heilt klart eit viktig ledd i dette, seier Vidar Egset, HR-sjef i Sparebank 1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding.
Leiar i Bygdepride Anbjørn Steinholm Frislid meiner festivalen bidrar til positiv merksemd for Ørsta og Volda, og er glad for bankstøtta. Paraden i år blir i Volda 11. mai.

Publisert: 16.01.2019 12:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36