Frå hausten 2019 tilbyr Sykkylven vidaregåande skule eit treårig løp med fordjuping i automatisering, robotikk og kybernetikk – i tillegg til fordjuping i realfag. Skulen er den andre i landet som tilbyr denne fagkombinasjonen, og den første i fylket, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
- Det skulle bare mangle at vi som utdanningsinstitusjon ikkje skulle tilpasse oss endringar i samfunnet og arbeidslivet. No har vi utvikla eit framtidsretta studietilbod som skal gi elevane teknologisk og digital kompetanse og kvalifikasjonar til å handtere ei stadig meir kompleks verd, seier rektor Barbro Midtgård ved Sykkylven vidaregåande skule, i pressemeldinga.
Linja vil ha 12 eksklusive plassar og passar til dei som ønsker å gå vidare på ingeniørstudiet etter vidaregåande.
- Teorien er avansert, men i kombinasjon med praktisk kunnskap innan elektro, automasjon og robotikk, vil dette gi ein unik og interessant veg fram mot studiekompetanse.
Det blir opplyst at på linja får elevane lære korleis kompliserte system kan styrast og overvakast ved å kombinere ulike målemetodar, datateknologi og matematiske utrekningar. På timeplanen står mellom anna automasjon- og robotsystem, koding og programmering, datakommunikasjon, servoteknikk og pneumatikksystem.
- Dette er fag som er grunnleggande for både produkt- og tenesteinnovasjon, seier Midtgård.
I tillegg til teori, vil eleven få viktig yrkesfagleg praksis i nært samarbeid med framtidig arbeidsliv.

Publisert: 14.01.2019 14:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36