Kort fortalt

Stor utskifting i naturbasert reiseliv

Rapport: Vitnar om tøff bransje.

01.02.2019
NPK: Naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg genererer opp mot åtte milliardar kroner i omsetnad kvart år, viser frå forskingsprosjektet Biotour ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).
Den landsdekkjande undersøking av naturbaserte reiselivsbedrifter viser at det er mellom 2.000 og 3.500 naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg. Dei fleste er i dei tre nordlegaste fylka Nordland, Troms og Finnmark.
Dei tre mest populære produkta som blir tilbode er fiske, vandring og båt utan motor.
Dei naturbaserte reiselivsbedriftene har ei gjennomsnittleg årsomsetjing på 2,3 millionar kroner frå naturbasert reiseliv. Det gir mellom 4,6 og 8,1 milliardar kroner i omsetjing, basert på funna i rapporten.
Eit mål med Biotour-prosjektet er å finna ut kva vilkår som trengst for naturbasert reiseliv i Noreg som sikrar næringsutvikling, sterke lokalsamfunn og berekraftig ressursbruk.
No vil forskarane i prosjektet ta funna vidare og kartleggja årsakene til at så mange naturbaserte reiselivsentreprenørar sluttar etter kort tid.
NHO Reiseliv trur årsakene til at mange gir opp kan vera mange. For det er krevjande å starta bedrift.
– Ein skal læra seg alt på ein gong, både å byggja bedrift og å koma ut i marknaden. Å få til heilårsdrift med stabile inntekter kan også vera vanskeleg for mange. Bransjen består av mange tilbydarar som er avgrensa av sesong, dermed kan det ta tid, seier bransjesjef Dagny Øren i NHO Reiseliv.

Publisert: 01.02.2019 14:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36