NPK-NTB: Regjeringa vil skjerpe krav til vinterdekk på vogntog allereie frå neste vinter, melder NRK.
I førre veke bad Norges Lastebileierforbund Samferdselsdepartementet om å ta grep.
– No krev vi at ein ny type vinterdekk skal takast i bruk i Noreg. Tyskland innførte dette allereie 1. januar 2018, og då må vi – som har dårlegare klimatiske forhold enn tyskarane – klare å få dette til, sa rådgjevar Frank Lauritz Jensen i Norges Lastebileierforbund til .
I dag er kravet at vinterdekk skal vere merkt «M+S», som betyr «mud and snow», mens NLF meiner dekk merkte med «Three Peak Mountain Snowflake» (3PMSF) er det einaste ein med sikkerheit veit at oppfyller krava til vintereigenskapar.
– Skilnaden er gummiblandinga. «3PMSF»-merkte dekk har eigenskapar som gjer dei meir eigna på norske vegar. Dei dekka som blir i dag brukte, er rett og slett ueigna, forklarer han.
Fredag sende Samferdselsdepartementet brev til Vegdirektoratet der dei bad direktoratet om å skjerpe krava. Dermed kan Jensen og NLFs ønske om tyske tilstandar bli standard allereie før neste vinter, fortel samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).
– Vi har no sett at Tyskland har klart å utnytte eit handlingsrom som ligg i dei avtalane vi har i dag, til å skjerpe krava til vinterdekk. Derfor har vi bedt Vegdirektoratet om å sjå på moglegheita for å gjere det same her i Noreg, seier samferdselsministeren til .

Publisert: 22.01.2019 11:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36