Kort fortalt

Styrker servicen i nord

Samarbeidsavtale for MMC First Process.

14.01.2019
Havyard-selskapet MMC First Process og Proff Kulde har inngått samarbeidsavtale. Dermed får MMC First Process sine kundar service frå Tromsø, Svolvær og Harstad.
Det opplyser havyard i ei pressemelding måndag.
- Med denne avtalen får vi ekstra hender og betre service i Nord-Norge, seier Håvard Nybø, Vice President Service i MMC First Process, i pressemeldinga.
MMC First Process leverer fiskehandteringsutstyr til båtar og landanlegg.
Proff Kulde driv servicearbeid og byggjer ikkje same type utstyr som MMC First Process.
- Vi er bedrifter som utfyller kvarandre, seier serviceleiar i Proff Kulde, Thomas Sjøstrand.

Publisert: 14.01.2019 09:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36